I'm out of here!
Jupp, jupp, ciao! (:
Blogg om alt og ingenting, ditt og datt, og smått og stort, o.s.v :)
Arbeida med skulearbeid og t-skjorte produksjon
Babla
Commentering paa andre bloggar har det blitt lite av sidan eg er utestengt for tida
Ete mat (sjølvsakt) og rosa kake
Fyllt opp lommeboka endå meir enn før (stakkars lille ting)
Grafer er fine saker- Lert korleis ein reknar ut arealet under eit gitt område i ein graf, wehoo.
Hatt det veldig fint, smilt (:
Indisk- Gått ut med nokre fine kiwiar for og ete indisk mat
Komponert musikk (typ mykje, slik kan det gå når ein havnar på musikklinja på andre sida av jorda!)
Lert meg og hekle
Motteke ein rapport (typ standpunkt) med mange fine kommentarar i
Nesten lert og spele touch (rugby-variant)
Oppretta ein kiwi-farm paa foten min
Prist meg lukkeleg over fint vêr og varme temperaturar
Questions- Stilt mange spørsmål og fått mange spørsmål om alt mogeleg rart
Rydda for og gjere ein treig data raskare
Strikka (har begynt både hekle og strikkeprosjekt!)
Uniformsbytte- Har fått summerskirt til uniformen (går kun i eit kort skjørt og ei tynn skjorte kvar dag!)
Vatn er yum
Went out for tea (altså middag)
Xylofon-musikk er ein fin sak og fylle lunsj-pauser med
Y er eit spørjeord når ein txtar (why?)
Zzzz-Sove
Ærkjent (med æ av alle ting) at norsk vert meir og meir vanskeleg (både å skrive og tale) for kvar dag som går
Ønska meg norsk mjølkesjokolade og eit stipendbrev frå lånekassa..
Åååå, no skal det verte godt med langhelg! (Labourweekend coming up)
hihi.. (:
Kva har skjedd i Noreg sidan sist? Har jo vore borte fra blogginga over ei veke.. Ville krisetilstandar..
































